Vestnes kommune Helland barnehage

Helland barnehage

Barnehagelærar

Stillingstype
Det er ledig 100 % fast stilling som barnehagelærar ved Helland barnehage. 

Arbeidsoppgåver
- arbeid på avdelingane med delansvar for det pedagogiske arbeidet
- utviklingsarbeid i nært samarbeid med pedagogisk leiar
- legge til rette for det pedagogiske tilbodet i avdelinga
- foreldresamarbeid
- har ansvar for at mål og visjonar for drifta av barnehagen vert fylgd
- har ansvar for at barnehagen fylgjer gjeldande avtalar, lovverk og vedtekter

Kvalifikasjonar
- bachelor barnehagelærar
- anna pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk
- gode datakunnskapar
- beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
- ha gode kommunikasjonsevne

Personlege eigenskapar
- er aktiv, engasjert og opptatt av faget
- har evne til å motivere, engasjere og rettleie øvrig personal
- ha godt humør, evne og vilje til å jobbe i eit hektisk miljø i stadig utvikling
- er løysingsfokusert og fleksibel
- har evne til å sjå og anerkjenne barn
- er eit godt språkleg førebilde
- bidreg til god dialog med barn, foreldre og andre tilsette og er ein positiv rollemodell
- har gode samarbeidsevner og vil bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø
- kan jobbe i team, men og sjølvstendig
- det vert vektlagt at ein er personleg eigna

Vi tilbyr
- godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- ein barnehagesektor med fokus på utvikling
- løn etter gjeldande avtaleverk
- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale
- løn i høve gjeldande avtaleverk

Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot.
Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.

Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

Referansar
Oppgi referansar

Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.

Del på:

Referansenr:

22/2689

Fylke:

  • Møre og Romsdal

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

30.01.2023

Tiltreding:

01.03.2023

Arbeidsstad:

Helland barnehage

Kontaktpersonar:

Adresse:

Myra 1 6390 Vestnes