Vestnes kommune

Ferievikar 2023

Helse- og omsorg søkjer etter ferievikarar for perioden 19.06.23 – 13.08.23. Ferievikariatet i helse og omsorg har ulike turnusar. 

Krav til kompetanse:

Helse og omsorg
- sjukepleiar/vernepleiar og andre med 3-årig utdanning på høgskulenivå innan helse-, sosial, eller pedagogiske fag
- helsefagarbeidar,hjelpepleiar,omsorgsarbeidar
- bioingeniør/helsesekretær
- kokk
- reinhaldar

Ufaglærte og studentar er også velkommen til å søkje

Du må beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B1/B2. Må ha gode kommunikasjonsevne.

For arbeid innan helse- og omsorg er normalaldersgrensa 18 år, men vi oppmoder dei som fyller 17 år før ferieperioden tek til om å søkje. Innan reinhald kan personar som er fylt 16 år før ferieperioden søkje. 

Aktuelle tenestestadar i helse- og omsorg er
Helsehuset Stella Maris
Sentralkjøkken
Hellandtunet med einingane: Ivartun, Mariebo, Oppigarden
Heimetenestene (heimesjukepleie, praktisk bistad i heimen og dagsenter)
Eining for aktivisering og meistring med einingane: Myrateigen, Skogly, Solstua, Vestneshaugen, Bakketun, Kariplassen A, B og C, Furulia, Skogheim, Skogvegen/Myratoppen og Tiltak Stella Maris.
Legesenteret
 
Arbeidsoppgåver:
Helse og omsorg
- ivaretaking av tenestemottakarens behov for omsorg og innhald i kvardagen
- utføre arbeid og rutiner og gjennomføre prosedyrer i tråd med aktuelt lovverk
- ivareta krav i høve dokumentasjon
 
Vi tilbyr
- godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- løn etter gjeldande avtaleverk
- vi har rekrutteringsløn til legestudentar og høgskulestudentar innan helse- og sosialfag, fysioterapeut og pedagogiske fag når dei går inn i stillingar/vikariat med arbeidsområde innan pleie- og omsorg.
- gode pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale.
- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid

Som søkjar må du setje opp ønskja arbeidsplass etter prioritet. Du må presisere kva ferieperiode du ønskjer å arbeide . Søkjarar som kan arbeide heile ferieperioden og heiltid kan bli prioritert. Ferievikariata har arbeid kvar 2. el. 3. helg.
 
Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
 
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
 
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor leverast.
 
Personalkontoret kan kontaktast for rettleiing om vårt elektroniske søknadssjema.
 
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjer kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har bedt om å ikkje bli ført opp på søkjarliste.
 
Har du spørsmål om stillingane og arbeidsoppgåver m.v. ta kontakt med leiar:
Helsehuset Stella Maris Institusjon, einigsleiar Greta Bjerke tlf. 911 42 009
Sentralkjøkken, einingsleiar Greta Bjerke tlf. 911 42 009 og Astrid Vik fagansvarleg tlf. 977 48 670
Hellandtunet, einingsleiar Hilde Eiken tlf. 918 02 106
Heimetenestene, einingsleiar Beate Håholm Dahl tlf. 405 50 213, avdelingsleiar Linn Pettersen 959 09 784 
Aktivisering og meistring, konstituert einingsleiar Linda Gravem tlf. 400 90 679
Legesenteret, Elly Christine Volsdal Slettvoll 901 58 565,  
 
Velkommen med søknad 
 
 
Vel avdelinga nedanfor for å starta appen:

Del på:

Referansenr:

23/166

Fylke:

  • Møre og Romsdal

Jobbtype:

Vikariat

Søknadsfrist:

12.03.2023

Tiltreding:

19.06.2023

Arbeidsstad:

Vestnes