Vestnes kommune

NAV Vestnes

NAV - rettleiar

NAV- rettleiar – 100% fast stilling – Vestnes kommune for tida NAV Vestnes

Nav Vestnes har ledig ei 100 % fast stilling som rettleiar. Stillinga er ein del av den kommunale bemanninga. Stillinga vil i hovudsak bli knytta opp mot arbeidsretta oppfølging og sakshandsaming for flyktningar.

NAV Vestnes er ein spennande arbeidsplass med motiverte rettleiarar som i stor grad arbeider heilskapleg på tvers av kommunale og statlege oppgåver. Vi har 11 tilsette som er fordelt i to team. Vi samhandlar med eit mangfald av arbeidsgivarar, samarbeidspartnarar og brukarar som treng ulike tenester, rettleiing og oppfølging. Gjennom vår innsats skal fleire av kommunens innbyggjarar få moglegheit til å være i arbeid, delta i samfunnet og være sikra inntekt.

Vi søker etter deg som er opptatt av å rettleie og motivere menneske som er i ei omstillingsfase på grunn av arbeidsløyse, helse- og/eller sosiale utfordringar. Vi ønskjer oss medarbeidarar som er opptatt av løysingar og har gode kommunikasjonsferdigheiter og evne til å handtere menneske i ulike livssituasjonar. Det blir lagt vekt på bistand til sjølvhjelp, tidleg innsats og andre aktivitetar som kan føre til utdanning og jobb. Vi har behov for ein medarbeidar som er engasjert, motiverande, ansvarsfull, fleksibel og endringsvillig.

Vestnes kommune har ca. 6 600 innbyggjarar og ligg på sørsida av Romsdalsfjorden, midt i mellom byane Ålesund og Molde. Vestnes kommune er «midt i blinken» for alle som er glade i natur- og friluftsliv.

Arbeidsoppgåve 

• Tett oppfølging og kartlegging av brukarar
• Oppfølging og rettleiing av brukarar mot arbeid og aktivitet
• Motivasjonssamtalar, rettleiing digitalt og i samtalar på NAV-kontoret
• Råd og rettleiing innanfor NAV-kontoret sitt virkeområde, både kommunale og statlege tenester
• Sakshandsaming etter folketrygdlova, NAV-lova, arbeidsmarknadslova og lov om sosiale tenester i NAV
• Samhandling med arbeidsgjevar, tiltaksarrangør, fastlegar og andre aktuelle samarbeidspartar
• Skape gode relasjonar med samarbeidspartnarar og jobbe utadretta
• Samarbeid på tvers i kontoret og i eige team, der ein deler kunnskap og erfaring, samt samhandling om oppgåveløysing
• Bruke NAV sine dataverktøy og fagsystem både til møtearena, dokumentasjon av oppfølging, behovsvurderingar, sakshandsaming og arkiv

NAV er i endring og omstilling, så ein må rekne med endring av arbeidsoppgåver.

Kvalifikasjonar du må ha

• Minimum bachelor eller tilsvarende, gjerne innen psykologi, samfunnsfag, helse- og sosialfag, juridiske fag eller statsvitskap. Lang og relevant erfaring kan i særlege tilfelle kompensere for utdanningskravet
• God munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne
• Beherske norsk munnleg og skriftleg
• God digital kompetanse, og gode evner til å sette deg inn i nye system og arbeidsmetodar
• Rettleiingskompetanse

Det er i tillegg ønskelig at du har:

• Erfaring frå arbeid med flyktningar
• Erfaring frå oppfølgings- og endringsarbeid
• Inkluderingskompetanse
• Erfaring frå sakshandsaming og lovanvending
• Erfaring fra NAV er en fordel
• Innsikt og forståing av NAV si rolle i samfunnet
• Kjennskap til lokalt og regionalt arbeidsmarknad
• Førarkort

Personlege eigenskapar

• Fleksibel og tilpassingsdyktig med evne til omstilling
• Evne til å skape gode relasjonar
• Være sjølvstendig, effektiv og arbeide systematisk og heilskapleg
• Løysingsorientert og beslutningsdyktig
• Tydeleg og god på å kommunisere
• Motiverande og inkluderande
• Personleg egnaheit og motivasjon i stillinga vil bli tillagt vekt.

Vi tilbyr

• Spennende og meningsfylte arbeidsoppgaver innen et viktig samfunnsområde
• Et aktivt og engasjert arbeidsmiljø
• En dynamisk arbeidsplass med vekt på utvikling og kunnskapsdeling
• Fleksitidsordning
• Opplæring, kurs og kompetanseheving

Tilsettingsvilkår

Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av løna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.

Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

Referansar

Oppgi referansar

Søknad

Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.

Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.

Søkjarlista kan bli offentleggjort.

Dersom du ønskar mer informasjon om stillinga kan du kontakte Tale Skjegstad, telefon Tlf: 98 43 60 96

Del på:

Referansenr:

23/156

Fylke:

  • Møre og Romsdal

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

12.02.2023

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Brugata 10, 6390 Vestnes

Kontaktpersonar:

Tale Skjegstad

mob: 98436096

Adresse:

Brugata 10 6390 Vestnes