Vestnes kommune Helland ungdomsskule

Undervisning

Informasjon
Det er ledig inntil 300%  undervisningsstillingar med tiltreding 01.08.2024. Utover våren kan det bli ytterlegare behov grunna permisjonar, utdanning osb.

Helland ungdomsskule ligg midlertidig plassert i vakre Tresfjord omlag 15 km frå Vestnes sentrum. Dette skuleåret er det omlag 170 elevar fordelt på 7 undervisningsgrupper. Vi har eit godt kvalifisert personale på om lag 30 personar som jobbar i tre team rundt årsstega. Den som blir tilsett kan pårekne å vere kontaktlærar. Ei av stillingane er opp mot elevar frå Kollen ungdomsbase.

Arbeidsoppgåver
- undervisning og rettleiing av elevar
- vurderingsarbeid vert lagt vekt på gjennom ulike former for elevvurdering
- motivere elevane til innsats for eiga læring
- tverrfagleg samarbeid med andre faginstansar
- samarbeid med elevar, føresette og kollegaer
- rettleie elevar fagleg og sosialt


Kvalifikasjonar
- Fag som er av interesse er norsk, engelsk og naturfag. Andre fagområde er også aktuelle
- beherske norsk munnleg og skriftleg. Det er ønskeleg med norsk på nivå B2.
- ha god kommunikasjonsevne
- digital kompetanse
- bidra til teamutvikling
- engasjert og fagleg dyktig
- det blir stilt krav om politiattest
- det vert særskilt stilt krav til allmennlærarutdanning, men tilsvarande pedagogisk utdanning vil også bli vurdert
- personlege eigenskapar vil og bli vektlagt som til dømes å kunne bygge gode relasjonar med elevane.


Personlege eigenskapar
- kan jobbe sjølvstendig og strukturert
- er opptatt av barn og unge si læring og utvikling
- kan rettleie elevane til godt læringsutbytte
- har fokus på klasseleiing
- opptrer som ein trygg og tydeleg vaksen
- er løysingsfokusert og utviklingsorientert
- er fleksibel, omgjengeleg og har god samarbeidsevne


Vi tilbyr
- eit godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
- ein arbeidsplass med fokus på samhandling rundt våre elevar
- løn i høve gjeldande avtaleverk
- ein kommune som er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- gode pensjons- og forsikringsordningar i tråd med tariffavtale


Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til intervju. Intervjuet kan gjerast på Teams om det er naudsynt. 


Referansar
Oppgi referansar


Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.

Del på:

Referansenummer:

24/9198

Fylke:

  • Møre og Romsdal

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Stillingstype:

Heiltid/Deltid

Søknadsfrist:

30.04.2024

Tiltreding:

01.08.2024

Arbeidsstad:

TRESFJORD

Kontaktpersonar:

Adresse:

Skulebakken 1 6391 Tresfjord

Kart: