Vestnes kommune

Tomrefjord, Gardstunet og Fiksdal barnehage

100 % vikarstilling for barnehageåret 2024/2025

Stillingstype

Det er ledig 100% vikarstilling i Tomrefjord, Gardstunet og Fiksdal barnehage for barnehageåret 2024/2025. 
Søkar må ha førarkort og kunne være fleksibel på å bytte vakter innanfor opningstida kl 06.45-16.30. 
 

Arbeidsoppgåver

Arbeid i barnehage som barne- og ungdomsarbeidar inneheld oppgåver som:

-  medansvar for avdeling og det pedagogiske innhaldet i samarbeid med det øvrige personalet
-  medansvar for planlegging, gjennomføring og tilrettelegging av det pedagogiske innhaldet 
-  medansvar for utviklingsarbeid
-  foreldresamarbeid
-  vere ein aktiv del av barnehagen sitt personale
-  vise omsorg og vere til stades for enkeltbarn og barnegruppa- praktisk arbeid og tilrettelegging

Kvalifikasjonar

-  fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget 
-  beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er bestått norsk på nivå B1/B2 - ha gode kommunikasjonsevne

Personlege eigenskapar

-  er aktiv og engasjert
-  har godt humør, vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø i stadig utvikling
-  har evne til å vise omsorg, sjå og anerkjenne barn
-  er eit godt språkleg førebilde
-  er fleksibel
-  er stabil og ansvarsbevisst
-  har evne til å ta imot rettleiing, rådgjeving og opplæring
-  har evne til å samarbeide, arbeide i team, men og sjølvstendig

Vi tilbyr
-  godt arbeidsmiljø og gode kollegaer - løn i høve gjeldande avtaleverk
-  løn i høve gjeldande avtaleverk

-  kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
-  pensjons- og forsikringsordningar i høve tariffavtale

Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.

Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervju.

Referansar
Oppgi referansar.


Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.

Vel avdelinga nedanfor for å starta appen:

Del på:

Referansenummer:

24/9513

Fylke:

  • Møre og Romsdal

Jobbtype:

Engasjement

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Stillingstype:

Heiltid/Deltid

Søknadsfrist:

24.05.2024

Tiltreding:

05.08.2024

Arbeidsstad:

Tomrefjord, Gardstunet og Fiksdal barnehage