Vestnes kommune Tresfjord barnehage

Tilkallingsvikar

Tilkallingsvikar

Stillingstype
Vi har behov for fleire dyktige tilkallingsvikarar ved Tresfjord barnehage. 

Arbeidsoppgåver
Arbeid i barnehage inneheld oppgåver som:
- medansvar for avdeling og det pedagogiske innhaldet i samarbeid med det øvrige personalet
- medansvar for planlegging, gjennomføring og tilrettelegging av det pedagogiske innhaldet
- medansvar for utviklingsarbeid
- foreldresamarbeid
- vere ein aktiv del av barnehagen sitt personale
- vise omsorg og vere til stades for enkeltbarn og barnegruppa
- praktisk arbeid og tilrettelegging

Kvalifikasjonar
Vi søker etter deg som er barnehagelærar eller barne- og undomsarbeidar. Dersom vi ikkje får nok kvalifiserte søkjarar
kan ufaglærte verte tilsett.
- må beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
- må ha gode kommunikasjonsevne

Personlege eigenskapar
- er aktiv og engasjert
- har godt humør, vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø i stadig utvikling
- har evne til å vise omsorg, sjå og anerkjenne barn
- er eit godt språkleg førebilete
- er fleksibel
- er stabil og ansvarsbevisst
- har evne til å ta imot rettleiing, rådgjeving og opplæring
- har evne til å samarbeide, arbeide i team, men og sjølvstendig

Vi tilbyr
- godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- løn i høve gjeldande avtaleverk
- tilsette med fagkompetanse og som har mindre enn 4 års ansiennitet får godkjent 4 års ansiennitet. 
- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- gode pensjons- og forsikringsordningar i høve tariffavtale

Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.

Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.

Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

Referansar
Oppgi referansar

Del på:

Referansenummer:

24/10815

Fylke:

  • Møre og Romsdal

Jobbtype:

Engasjement

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Stillingstype:

Engasjement

Søknadsfrist:

31.12.2026

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Tresfjord barnehage

Kontaktpersonar:

Adresse:

Skulebakken 1 6391 Tresfjord

Kart: