
Bygge- og delesaksbehandlar
Bygge- og delesaksbehandlar
Tekniske tenester har ledig 100 % fast stilling som bygge- og delesaksbehandlar
I Vestnes kommune vil du få jobbe med spennende og varierte saker, alt frå mindre tilbygg til større utbyggingsprosjekt. Gjennom saksbehandlinga vil du bidra til å heve kvalitet både på bygningar og omgjevnader.
Arbeidsstad
Tekniske tenester har ansvar for arealplanlegging, plan- og byggesaksbehandling, landbruks- /miljø- /vilt- og skogsaker, drift, forvaltning og nyanlegg av kommunale vegar. I tillegg har dei ansvar for grøntområde, avløpsanlegg/avløpsreinsing, utbygging av bustadfelt og næringsområde, oppmåling, GIS, adressering, brann, feiing og tilsyn.
Arbeidsoppgåver
• Behandle bygge- og delsaker
• Rettleiing og dialog med søkarar/tiltakshavarar
• Saksførebuing for politisk behandling, og delta på møter i Planutvalet
• Gjensidig samarbeid med arealplanleggar, slik at de kan avløyse kvarandre
• Delta i ulike fagforum og samarbeid på tvers av einingar i kommunen
Kvalifikasjonar
• Utdanning frå høgskule/universitet innanfor relevant fagområde, minimum bachelor
• Relevant arbeidserfaring innan fagområdet er ønskeleg
• Vere strukturert og nøyaktig og kunne jobbe sjølvstendig og ha god kapasitet
• Du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne
• Kunne ha god dialog med innbyggjarar og andre
• Personlege eigenskapar blir lagt vekt på
Vi tilbyr
• Stilling med eit viktig samfunnsoppdrag og potensiale for fagleg utvikling
• Møte mange og ulike problemstillingar frå privatpersonar og næringsaktørar, både gjennom rådgjeving og søknadsbehandling
• Ei sentral rolle i å sikre at bygge- og delesaker blir behandla effektivt og korrekt
• Eit tverrfagleg og inkluderande arbeidsmiljø prega av engasjement og høg kompetanse.
• Fleksibel arbeidstidsordning med bruk av heimekontor etter nærmare avtale
• God anledning til kompetanseheving/etterutdanning
• Lønn etter avtale
Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot.
Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.
Referansar
Oppgi referansar
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.
Del på:
Referansenummer:
25/5973
Fylke:
- Møre og Romsdal
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Stillingstype:
Heiltid/Deltid
Søknadsfrist:
21.03.2025
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Vestnes rådhus
Kontaktpersonar:
Emil Balstad
mob: +47 48125480
Heimeside:
http://www.vestnes.kommune.noAdresse:
Brugata 10 6390 Vestnes