Vestnes kommune Kvalifisering og integrering

Miljøveileder

Miljøveileder 200 % fast stilling

I Eining for kvalifisering og integrering finn du Vestnes vaksenopplæring og Flyktningtenesta i Vestnes.  Eininga er underlagt Oppvekst og kultur. Vaksenopplæringa har per i dag 8 lærarstillingar og 150 registrerte deltakarar som får tilbod om opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Vaksenopplæringa har kursverksemd og frå hausten vil ein kunne tilby Forberedande Opplæring for Vaksne (FOV) for dei som har behov for kompetanse i grunnskulefaga. Flyktningtenesta har per i dag 14 tilsette med stor tverrfagleg kompetanse og tenesta består av eit busettingsteam, oppfølgingsteam og kvalfiseringsteam. Flyktningtenesta busett flyktningar i tråd med politiske vedtak i Vestnes kommune og har sidan 2013 busett rundt 500 flyktningar i Vestnes kommune.  Flyktningtenesta har ansvar for innhaldet i introduksjonsprogrammet etter Integreringslova og tilbyr individuelle tilpassa program ut ifrå kva kompetanse dei har med seg frå heimlandet.

 

Miljøveileder – 200 % stilling- Fast-

Eining for kvalifisering og integrering, Flyktningtenesta

 

Stillingstype

Det er ledig 200 % stilling som Miljøveileder i Eining for kvalifisering og integrering, Flyktningtenesta sitt oppfølgingsteam. Vi tek atterhald om endringar elles i organisasjonen.

 

 

Arbeidsstad

Eining for kvalifisering og integrering, Flyktningtenesta.

 

Arbeidsoppgåver

- Planleggje for og førebu våre innleigde bustadar i høve til busetting av flyktningar etter avtale med kommunen og IMDi.

- Rettleiing innanfor bustad og økonomi

- Samarbeid med andre einingar internt i kommunen og andre aktuelle eksterne bedrifter/organisasjonar

- Oppfølging av dei busette flyktningane du får hovudansvar for

- Bidra til deltaking i fritidsaktivitetar

- Noko undervisning/rettleiing i relevante tema knytt opp mot faget Livsmestring i eit nytt land.

- Endringar i arbeidsoppgåvene kan førekomme

 

Noko arbeid utover normal arbeidstid må påreknast.

 

Kvalifikasjonar

Vi søkjer deg som har høgare utdanning, gjerne innan helse- og sosialfag. Anna relevant erfaring/kompetanse kan kompensere for utdanningskravet

- det er ønskjeleg med erfaring frå målretta miljøarbeid

- erfaring frå arbeid med menneske med fluktbakgrunn

- erfaring frå arbeid med innvandrarar

- gode datakunnskapar

- relevant praksis

- beherske norsk munnleg og skriftleg.

- ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevne

- kompetanse innan foreldrerettleiing

- Førarkort klasse B

- Beherske engelsk og gjerne andre språk som er lik dei busette sitt morsmål, til dømes ukrainsk.

- Det vert stilt krav om politiattest

 

Det er en fordel å ha god kjennskap til samfunnsliv, utdanningssystem, arbeidsliv og ha fleirkulturell forståing.  

 

Personlege eigenskapar

- du må være fagleg engasjert

- likar å ta ansvar

- har evne til å motivere og tilretteleggje for læring og eigenmeistring

- fleksibel

- ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team

- har godt humør, vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø med til tider høgt arbeidstempo og store belastningar

- det vert vektlagt at ein er personleg eigna

 

Du må ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og evne til å finne gode løysningar. Du må være tolerant og open for at andre har ein annleis forståing og måte å handtere kvardagen på. Det kan omfatte tema som religion, barneoppseding eller mattradisjonar. Dette krev ofte god kjennskap til eigne verdiar og normer. 

 

Vi tilbyr

-ein arbeidsstad med flotte og dyktige kollegaer i eit godt arbeidsmiljø

-ein arbeidsstad i utvikling

- varierte arbeidsoppgåver og arbeidskvardag

- løn i høve gjeldande avtaleverk

- tilsette med relevant fagkompetanse og som har mindre enn 4 års ansiennitet får godkjent 4 års

  ansiennitet, begynnarløna vert med 4 års ansiennitet

- kommunen er IA- bedrift og har fokus på nærværsarbeid

- pensjons- og forsikringsordningar i høve tariffavtale

 

Tilsetjingsvilkår

Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar. Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.

Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

 

Referansar

Oppgi referansar ved innkalling til intervju.

 

 

Søknad

Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning. Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.

 

Søkjarlista kan bli offentleggjort.

 

 

 

Del på:

Referansenummer:

25/5985

Fylke:

  • Møre og Romsdal

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Stillingstype:

Heiltid/Deltid

Søknadsfrist:

23.03.2025

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Eining for kvalifisering og integrering

Kontaktpersonar:

Adresse:

Myra 21 6390 Vestnes

Kart: