Vestnes kommune Kvalifisering og integrering

Programrådgjevar

Programrådgjevar 200 % stilling

 

I Eining for kvalifisering og integrering finn du Vestnes vaksenopplæring og Flyktningtenesta i Vestnes.  Eininga er underlagt Oppvekst og kultur. Vaksenopplæringa har per i dag 8 lærarstillingar og 150 registrerte deltakarar som får tilbod om opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Vaksenopplæringa har kursverksemd og frå hausten vil ein kunne tilby Forberedande Opplæring for Vaksne (FOV) for dei som har behov for kompetanse i grunnskulefaga. Flyktningtenesta har per i dag 14 tilsette med stor tverrfagleg kompetanse og tenesta består av eit busettingsteam, oppfølgingsteam og kvalfiseringsteam. Flyktningtenesta busett flyktningar i tråd med politiske vedtak i Vestnes kommune og har sidan 2013 busett rundt 500 flyktningar i Vestnes kommune.  Flyktningtenesta har ansvar for innhaldet i introduksjonsprogrammet etter Integreringslova og tilbyr individuelle tilpassa program ut ifrå kva kompetanse dei har med seg frå heimlandet.

 

Programrådgjevar – 200 % stilling- Fast

Eining for kvalifisering og integrering, Flyktningtenesta

 

Stillingstype

Det er ledig 200 % stilling som Programrådgjevar i Eining for kvalifisering og integrering, Flyktningtenesta sitt kvalifiseringsteam. Vi tek atterhald om endringar elles i organisasjonen.

 

 

Arbeidsstad

Eining for kvalifisering og integrering, Flyktningtenesta

 

Arbeidsoppgåver

Som programrådgjevar arbeider du for at flyktningar skal lukkast med utdanning og arbeid. Du samarbeider på tvers av fagområda og tenestene lokalt og regionalt. Deltakarane du får hovudansvar for er busette etter avtale med kommunen og IMDi.

-Gi informasjon, opplæring og støtte i ein etableringsfase

-Kartlegge deltakars bakgrunn og gje karriererettleiing

-Rettleiing kring deltakars mål og tiltak i integreringsplan/individuell plan

-Koordinere introduksjonsprogrammet

-Sakshandsaming

-Samarbeide med lokalt næringsliv og lokale bedrifter om arbeidspraksis

-Planlegge og gjennomføre rettleiing individuell og i grupper

- Noko undervisning/rettleiing kring ulike tema relatert til introduksjonsprogrammet og/eller livsmestringsfaget

- Endringar i arbeidsoppgåvene kan førekomme

 

Noko arbeid utover normal arbeidstid må påreknast.

 

Kvalifikasjonar

Vi søkjer deg som har høgare utdanning innan pedagogikk, rettleiing. Anna relevant erfaring og kompetanse kan kompensere for utdanning.

- det er ønskjeleg med erfaring frå og motivasjon for arbeid med flyktningar

- gode datakunnskapar

- relevant praksis

- rettleiingskompetanse

- Undervisningskompetanse

- Relasjonskompetanse

- beherske norsk munnleg og skriftleg.

- ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevne

- kjennskap til kartleggingsverktøy og evaluering

- kan sette seg raskt inn i nødvendige digitale verktøy

- Førarkort klasse B

- Beherske engelsk og gjerne andre språk som er lik introduksjonsprogramdeltakarane sitt morsmål

- Det vert stilt krav om politiattest

 

Det er en fordel å ha god kjennskap til samfunnsliv, utdanningssystem, arbeidsliv og ha fleirkulturell forståing.  

 

Personlege eigenskapar

- du må være fagleg engasjert

- likar å ta ansvar

- har evne til å motivere og tilretteleggje for læring og eigenmeistring

- fleksibel

- ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team

- har godt humør, vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø

- det vert vektlagt at ein er personleg eigna

 

Du må ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og evne til å finne gode løysningar. Du må være tolerant og open for at andre har ein annleis forståing og måte å handtere kvardagen på. Det kan omfatte tema som religion, barneoppseding eller mattradisjonar. Dette krev ofte god kjennskap til eigne verdiar og normer. 

 

Vi tilbyr

-ein arbeidsstad med flotte og dyktige kollegaer i eit godt arbeidsmiljø

-ein arbeidsstad i utvikling

- varierte arbeidsoppgåver og arbeidskvardag

- løn i høve gjeldande avtaleverk

- tilsette med relevant fagkompetanse og som har mindre enn 4 års ansiennitet får godkjent 4 års

  ansiennitet, begynnarløna vert med 4 års ansiennitet

- kommunen er IA- bedrift og har fokus på nærværsarbeid

- pensjons- og forsikringsordningar i høve tariffavtale

 

Tilsetjingsvilkår

Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar. Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.

Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

 

Referansar

Oppgi referansar ved innkalling til intervju

 

 

Søknad

Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning. Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.

 

Søkjarlista kan bli offentleggjort.

Del på:

Referansenummer:

25/5986

Fylke:

  • Møre og Romsdal

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Stillingstype:

Heiltid/Deltid

Søknadsfrist:

23.03.2025

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Eining for kvalifisering og integrering

Kontaktpersonar:

Adresse:

Myra 21 6390 Vestnes

Kart: