Vestnes kommune Helsehuset Stella Maris

Sjukepleiar 1 x 100 % fast

Sjukepleiar 1 x 100 % fast

Det er ledig 100% fast stilling som sjukepleiar ved Helsehuset Stella Maris. Stillinga vil inngå i sjukepleiargruppa som går på "topp" og inneberer langvakter i turnus, med arbeid kvar 4 helg. Sjukepleiarane som går på topp har oppgåver tilknytta alle tre avdelingane ved Stella Maris. 

Arbeidsstad
Helsehuset Stella Maris ligg i Vestnes sentrum.

Kvalifikasjonar
- offentleg godkjent sjukepleiar
- du må ha kunnskap om gjeldande lovverk for tenesteytinga
- datakunnskap
- relevant praksis
- beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
- må ha god kommunikasjonsevne

Arbeidsoppgåver
- sjukepleiefagleg oppgåver i tråd med rutiner og retningsliner
- tverrfagleg samarbeid
- rettleiingsansvar
- ivareta krav i høve dokumentasjon

Personlege eigenskapar
- er stabil og fleksibel
- fagleg engasjert
- ha godt humør og vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø
- ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- det vert vektlagt at ein er personleg eigna

Vi tilbyr
- godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- løn etter gjeldande avtaleverk
- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- pensjons- og forsikringsordningar etter tariff avtale
- fagleg utvikling etter kompetanseplan
- tilsette i sjukepleiarstilling ved helsehuset Stella Maris som har mindre enn 10 år ansiennitet får godkjent inntil 10 års ansiennitet. Årsløn pr.dato kr 578 600,-
- Nytilsette sjukepleiarar i faste stillingar får 50000 i rekrutteringstilskot etter at prøvetida går ut. (6mnd) Det medfører 2 års bindingstid til kommunen. 

 

Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering.Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

Referanser
Oppgi referanser.

Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil blitatt i betraktning.
Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg.Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.
Søkjarlista kan bli offentliggjort.

 

 

 

Vestnes kommune
Stella Maris ligg i Vestnes sentrum nær bussknutepunkt. Vi har 64 institusjonsplasser fordelt på 3 avdelingar - Ei korttidsavdeling med 16 plassar og to langtidsavdelingar med 24 plassar i kvar.
Helsehuset Stella Maris er eit heilt nytt bygg som vi tok i bruk april 2021. Her fi nn du både legesenter, heimeteneste, tenestekontor, bibliotek, frivilligsentral, kafe og institusjonsplassar.Omsorgsdelen er rusta for framtida, med godt utbygd og installert velferdsteknologi.

Del på:

Referansenummer:

25/06057

Fylke:

  • Møre og Romsdal

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Stillingstype:

Heiltid/Deltid

Søknadsfrist:

25.03.2025

Tiltreding:

etter avtale

Arbeidsstad:

Helsehuset Stella Maris

Kontaktpersonar:

Camilla Stavik

Stilling: Einingsleiar Stella Maris

Adresse:

Brugata 6 6390 Vestnes

Kart: