Vestnes kommune

Helland barneskule/SFO

Miljøveileder - 85 % fast - Helland barneskule/SFO

Stillingstype
Det er ledig inntil 85 % faste miljøveilederstilling ved Helland barneskule/SFO frå 01.08.2025. Vi søkjer etter miljøveileder som kan hjelpe og støtte opp i læringsprosessar for elevar med særskilte behov i skule og SFO.

Vi tek atterhald om endringar elles i organisasjonen.


Arbeidsoppgåver
- tett oppfølging av enkeltelevar med særskilte behov
- følgje elevane i ulike aktivitetar i skulen og på SFO
- legge til rette for eit godt læringsmiljø
- rettleie og motivere elevar fagleg og sosialt
- tverrfagleg samarbeid med andre faginstansar der det er behov
- samarbeide med elevar, føresette og kollegaer


Kvalifikasjonar
- vi søkjer særskilt etter vernepleiar, men andre med høgskule- eller universitetsutdanning som kvalifiserer til arbeid som miljøveileder kan også søkje
- erfaring frå arbeid med barn i grunnskulealder
- ønskjeleg med kompetanse i arbeid med sosiale ferdigheiter og innan autismespekter
- beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
- ha god kommunikasjonsevne
- digital kompetanse
- det blir stilt krav om politiattest
- personlege eigenskapar vil og bli vektlagt


Personlege eigenskapar
- fagleg engasjert
- er stabil og fleksibel
- har evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- er forutsigbar og opptrer som ein trygg og tydeleg vaksen


Vi tilbyr
- allsidig utfordringar i eit godt fagmiljø med dyktige medarbeidarar
- løn etter gjeldande regelverk
- pensjon og forsikringsordningar etter tariffavtale
- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid


Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.


Referansar
Oppgi referansar


Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.                                                                                 

Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende vedlegg. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.

 

 


Søkjarlista kan bli offentleggjort.

Del på:

Referansenummer:

25/6514

Fylke:

  • Møre og Romsdal

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Dag

Stillingstype:

Heiltid/Deltid

Søknadsfrist:

12.05.2025

Tiltreding:

01.08.2025

Arbeidsstad:

Helland barneskule og SFO

Kontaktpersonar:

Gisela Stene Smith-Nilsen

mob: +47 99441455

Ingrid Elin Malin

mob: +47 97520706

Adresse:

Skulevegen 2 6390 Vestnes

Kart: