
Helsefagarbeidar 2x43% - Myrateigen
Vi har to ledige 43% stillingar som helsefagarbeidar ved Myrateigen. Begge stillingane er disponert på natt (aktiv/ kvilande) der den kvilande delen betalast med 1:3 timeløn. Arbeid kvar 2. helg, fredag - mandag morgen.
Arbeidsstad
Myrateigen ligg i nærleiken av Vestnes sentrum. Eining for aktivisering og meistring yt tenester til personar i ulik alder og funksjonsnivå. Tjenesten ytes i den enkeltes heim og er individuelt tilrettelagt.
Arbeidsoppgåver
- ivaretaking av tenestemottakarens behov for omsorg og innhald i kvardagen
- utføre arbeid og rutiner og gjennomføre prosedyrer i tråd med aktuelt lovverk, dagsplaner, miljøreglar og oppfølging av desse
- delta i gjennomføring og evaluering av tiltak med bruk av tvang med heimel i Helse- og omsorgstenestelova kap. 9
- ivareta krav i høve dokumentasjon
- legemiddelhåndtering
Kvalifikasjonar
Vi søkjer fortrinnsvis etter deg som er autorisert helsefagarbeidar, hjelpepleiar eller omsorgsarbeidar, men oppfordrar også andre med relevant praksis til å søke.
- du må kunne tilegne deg kunnskap om gjeldande lovverk for tenesteytinga, særskilt Helse- og omsorgstenestelova kap.9
- det er ønskeleg med kunnskap/erfaring frå arbeid med personar med psykisk utviklingshemming og autismespekter diagnosar
- beherske målretta miljøarbeid og kunne legge til rette for ein aktiv kvardag i og utanfor heimen
- det er ønskjeleg med erfaring frå målretta miljøarbeidarbeid i Norge
- det er ønskeleg med kompetanse i handtering av utfordrande atferd
- datakunnskap
- relevant praksis
- beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er bestått norsk på nivå B1/B2
- ha gode kommunikasjonsevne
Personlege eigenskapar
- du må være fagleg engasjert
- ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- det vert vektlagt at ein er personleg eigna
- ha godt humør, vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø
Vi tilbyr
- godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- løn etter gjeldande avtaleverk
- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale
Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar. Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader. Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.
Referanser
Oppgi referanser.
Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.
Del på:
Referansenummer:
25/6814
Fylke:
- Møre og Romsdal
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Natt
Stillingstype:
Heiltid/Deltid
Søknadsfrist:
01.06.2025
Arbeidsstad:
Myrateigen
Kontaktpersonar:
Terje Vestnes
mob: 92 22 44 96
Heimeside:
http://www.vestnes.kommune.noAdresse:
Myra 23 6390 Vestnes