Vestnes kommune Helsehuset Stella Maris

Helsefagarbeider 100% vikariat Stella Maris

Helsefagarbeider 100% vikariat Stella Maris

Stillingsbeskrivelse

Langtidsavd.
Det er ledig eit 100 % vikariat for helsefagarbeider med arbeid 3. kvar helg. Tiltredelse snarest, varigheit 1 år. 

Kommunen tok i bruk det nye helsehuset Stella Maris i mai 2021. I det nye helsehuset har vi også Heimetenestene, Tenestekontor, Legesenter.  Andre funksjonar i nybygget er Bibliotek og kafe.  

Arbeidsstad
- Helsehuset Stella Maris ligg i Vestnes sentrum.

Arbeidsoppgåver
- ivaretaking av tenestemottakarens behov for omsorg og innhald i kvardagen
- utføre arbeid og rutiner og gjennomføre prosedyrer i tråd med aktuelt lovverk, dagsplanar, miljøreglar og oppfølging av desse- ivareta krav i høve dokumentasjon- delta i gjennomføring og evaluering av tiltak

Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter deg som er autorisert helsefagarbeidar, hjelpepleiar eller omsorgsarbeidar:
- du må kunne tilegne deg kunnskap om gjeldande lovverk for tenesteytinga- beherske målretta miljøarbeid og kunne legge til rette for ein aktiv kvardag- datakunnskap- relevant praksis- beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er bestått norsk på nivå B1/B2- ha gode kommunikasjonsevne

Personlege eigenskapar
- du må være fagleg engasjert
- ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team- det vert vektlagt at ein er personleg eigna- ha godt humør, vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø

Vi tilbyr
- godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- løn etter gjeldande avtaleverk- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid.- pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale.

Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar. 

Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

Referanser
Oppgi referanse

Søknad

Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.
Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrer din CV  i søknadsskjemaet.
Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.

Søkjarlista kan bli offentliggjort.

 

Del på:

Referansenummer:

25/06812

Fylke:

  • Møre og Romsdal

Jobbtype:

Vikariat

Heltid/Deltid:

Heltid

Arbeidstid:

Skift / turnus / arbeidstidsordning

Arbeidssted:

Stella Maris

Kontaktpersoner:

Karina Willumsen

Stilling: Avdelingsleder

tlf: +47 90365381

mob: +47 90365381

Adresse:

Brugata 6 6390 Vestnes

Kart: