
Vestnes kommune søkjer ein engasjert og kreativ kommunikasjonsrådgjevar!
Kommunikasjonsrådgjevar
Stillingsbeskrivelse
Vestnes kommune søkjer deg som er kreativ, engasjert, skapande og som kan bidra til å møte framtida sine forventingar og krav til profesjonalitet i kommunikasjonsarbeidet.
Som kommunikasjonsrådgjevar har du ansvaret for kommunens kommunikasjonsarbeid. Stillinga er plassert i kommunedirektørens stab, men skal betene både politisk leiing og øvrige leiarar i kommunen. Kommunikasjonsrådgjevaren vil inngå i kommunens kriseleiing.
Dette er ei unik moglegheit til å skape noko nytt, påverke kommunens omdømme og sørge for at Vestnes kommune kommunisera godt med innbyggarar, tilsette, folkevalde og samarbeidspartnarar.
Dine viktigaste arbeidsoppgåver
- Planlegge og vere i forkant – identifisere kommunikasjonsbehova før dei oppstår
- Skape og spreie bodskap gjennom ulike kanalar
- Bygge relasjonar og sikre god dialog med interne og eksterne målgrupper
- Rådgjeving til leiarar og tilsette i kommunikasjonsarbeid
Ansvarsområde
- Utarbeide og utvikle kommunens kommunikasjonsstrategi
- Leiarstøtte i media- og kommunikasjonssaker
- Redaktøransvar for heimeside og intranett
- Universell utforming i kommunikasjonssamanheng
- Handtering av kommunens sosiale media
- Utvikle presentasjon- og bildebanken
- Delta i kommunen si digitale utvikling
- Kommunikasjon kriseleiing
- Omdømebygging
Arbeidsoppgåver/ansvarsområde kan verte endra i takt med behov.
Krav til stillinga
- Utdanning innan kommunikasjon, PR, journalistikk eller medievitskap (bachelor/master)
- Relevant erfaring frå kommunikasjon, media eller liknande
- Svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
- Gode kommunikasjonsevner
- Gode digitale ferdigheiter
- Erfaring med nettsider og publiseringsverktøy
- Ønskeleg med kjennskap til kommunal/offentleg sektor
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som har ei sterk formidlingsevne og evnar å engasjere ulike målgrupper. Du er ein dyktig relasjonsbyggar, du skapar tillit og trivest i ei rolle kor du samarbeider med mange ulike aktørar. Du er sjølvstendig, strukturert og effektiv. Personleg egnaheit vert tillagt stort vekt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Ei variert og sjølvstendig rolle kor du får stor friheit til å utforme innhaldet i stillinga
- Mange kompetente og motiverte leiarar og medarbeidarar
- Offentleg tenestepensjon i KLP
- Godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- Løn etter avtale
Tilsetjingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar. Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.
Referanse
Oppgi referansar
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.
Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.
Søkjarlista kan bli offentleggjort.
Del på:
Referansenummer:
25/6873
Fylke:
- Møre og Romsdal
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Stillingstype:
Heiltid/Deltid
Søknadsfrist:
08.06.2025
Tiltreding:
01.10.2025
Arbeidsstad:
Vestnes rådhus
Kontaktpersonar:
Rune Håseth
mob: 90141565
Heimeside:
http://www.vestnes.kommune.noAdresse:
Rådhuset, Brugata 10 6390 Vestnes