
Miljøveileder til prosjektstilling i skulemiljøteam
Miljøveileder 100 % mellombels stilling
Har du lyst til å bidra til tryggare og betre skulemiljø?
Vi søkjer ein engasjert og kompetent miljøveileder som vil ha ei viktig rolle i eit nyoppretta skulemiljøteam i kommunen. Stillinga er del av eit prosjekt finansiert gjennom tilskotsmidlar til skulemiljøarbeid i kommunar. Stillinga er mellombels, og knytt til tilskotsperioden på tre år. Miljøveilederen vil ha arbeidsstad ved PPT-kontoret, med leiar for PPT som næraste leiar.
Arbeidsområde
Miljøveilederen vil vere ein sentral ressurs i skulemiljøteamet og vil arbeide både sjølvstendig og i tett samarbeid med skuleleiing, PPT og andre relevante tenester. Miljøveilederen vil bistå skulane direkte i skulemiljøsaker, men hovudfokuset er å utvikle og implementere langsiktige system for trygge og gode skulemiljø, som inkluderer å utvikle felles rutinar, malar, og evidensbaserte tiltak.
Kvalifikasjonar
- Utdanning som vernepleiar, sosionom, barnevernspedagog eller tilsvarande sosialfagleg utdanning.
- Erfaring frå arbeid med psykososialt miljø og skulemiljøarbeid.
- Kompetanse i førebygging av mobbing, krenkingar og utrygge skulemiljø.
- Kjennskap til opplæringslova kapittel 12 og barnets beste-vurderingar.
- Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide både sjølvstendig og i team.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
- Må ha førarkort klasse B og disponere eigen bil
Personlege eigenskapar
- Du er initiativrik, trygg og god til å skape relasjonar.
- Du har evne til å arbeide systematisk og målretta.
- Du er fleksibel og løysingsorientert.
- Du har eit godt humør og evne til å motivere andre.
Vi tilbyr
- Eit spennande og meiningsfylt arbeid i eit fagleg utviklande miljø.
- Moglegheit til å påverke skulemiljøarbeidet i kommunen.
- Løn etter gjeldande avtaleverk.
- Pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale.
Tilsettingsvilkår
Tilsetjing skjer i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Politiattest må framleggjast ved tilsetjing, denne ska ikkje vere eldre enn 3 månader. Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.
Referansar
Oppgi referansar
Søknad
Send søknad via elektronisk søknadsportal. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.
Søkjarlista kan bli offentleggjort.
Del på:
Referansenummer:
25/7226
Fylke:
- Møre og Romsdal
Jobbtype:
Engasjement
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Stillingstype:
Engasjement
Søknadsfrist:
04.08.2025
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
PPT
Kontaktpersonar:
Kjetil Ytreberg
mob: 92821868
Heimeside:
http://www.vestnes.kommune.noAdresse:
Ressurssenteret, Myra 23 6390 Vestnes