Vestnes kommune

Helsefagarbeidar 100% fast stilling

Helsefagarbeidar - 100 % fast stilling - Heimesjukepleia

Ved Heimetenesta er det ledig 100 % fast stilling for helsefagarbeidar frå snarast. Stillinga har arbeid kvar 3. helg med hinkehelg kvar 12.veke. Det kan være mulighet for endring i turnus til langvakter om ønskelig. 

Arbeidsstad
Heimetenesta har base i 1.etg. på Stella Maris. Heimesjukepleia har også ansvaret for omsorgsboligane på Senior Plaza.

Arbeidsoppgåver
- ivaretaking av tenestemottakarens behov for omsorg og innhald i kvardagen
- utføre arbeid og rutiner og gjennomføre prosedyrer i tråd med aktuelt lovverk, dagsplanar, miljøreglar og oppfølging av desse
- ivareta krav i høve dokumentasjon
- delta i gjennomføring og evaluering av tiltak

Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter deg som er autorisert helsefagarbeidar, hjelpepleiar eller omsorgsarbeidar:
- du må kunne tilegne deg kunnskap om gjeldande lovverk for tenesteytinga
- beherske målretta miljøarbeid og kunne legge til rette for ein aktiv kvardag
- datakunnskap
- relevant praksis
- beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er bestått norsk på nivå B1/B2
- ha gode kommunikasjonsevne
- du må ha førarkort kl B

Personlege eigenskapar
- du må være fagleg engasjert
- ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- det vert vektlagt at ein er personleg eigna
- ha godt humør, vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø

Vi tilbyr
- godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- løn etter gjeldande avtaleverk
- tilsette med relevant fagkompetanse og som har mindre enn 4 års ansiennitet får godkjent 4 års ansiennitet, begynnarløna vert med 4 års ansiennitet
- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid.
- pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale.

Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar. 

Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
 
Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

Referanser
Oppgi referanse

Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.

Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrer din CV  i søknadsskjemaet.  Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.
 
Søkjarlista kan bli offentliggjort.

Del på:

Referansenummer:

25/7716

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Stillingstype:

Heiltid/Deltid

Søknadsfrist:

13.08.2025

Tiltreding:

Frå snarast

Arbeidsstad:

Heimetenestene

Kontaktpersonar:

Adresse:

Brugata 6 6390 Vestnes

Kart: