Vestnes kommune Sentraladministrasjon

Vestnes kommune søkjer Personal- og organisasjonssjef

Vil du ha ei nøkkelrolle i ein kommune som har fokus på omstilling?

Ønskjer du å bidra i utviklinga til ein berekraftig og framtidsretta kommune?

Vestnes kommune søkjer ein utviklingsorientert leiar som er samlande og tydeleg med god gjennomføringsevne. Du har innsikt i betydninga av mangfald i arbeidslivet og bidreg til ein organisasjonskultur prega av heilskapleg tenking, som jobbar for ei felles retning og som kan bidra til ein kultur der tillit og utvikling er framståande.

Personal- og organisasjonssjefen har kunnskap, erfaring og motivasjon til å vidareutvikle eit godt og profesjonelt leiarskap med tydelege ansvarslinjer og god rolleavklaring. Stillinga inngår i kommunedirektøren si leiargruppe.

Personal- og organisasjonssjefen er næraste leiar for medarbeidarar som arbeider med personal- og organisasjonsutvikling, servicekontor samt arkiv og dokumentasjonsforvaltning.

Arbeidsoppgåver

  • Bidra til heilskapleg utvikling og digitalisering av Vestnes kommune på strategisk og operativt nivå
  • Vere ein pådrivar for effektiv ressursutnytting og eit inkluderande, helsefremjande arbeidsmiljø
  • Bidra til heilskapleg utvikling gjennom engasjement, samhandling og utvikling av organisasjonen, leiarar og medarbeidarar
  • Rettleie og støtte leiarar i HR-relaterte spørsmål
  • Ha ansvar for kommunen sin arbeidsgjevarpolitikk, lønnspolitikk og andre overordna retningslinjer og planar
  • Sikre eit godt og konstruktivt samarbeid med tillitsvalde og verneteneste
  • Leie forhandlingar og drøftingar
  • Vere ein engasjert bidragsytar i kommunedirektøren si leiargruppe
  • Leie, motivere og vidareutvikle eiga kommunalområde
  •  Ha budsjettansvar for sentraladministrasjonen og fellesfunksjonar

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning
  • Kan vise til gode resultat som leiar eller spesialist, fortrinnsvis frå organisasjonsutvikling og HR-relaterte fagområde
  • Erfaring med endrings- og omstillingsprosessar
  • Erfaring frå offentleg eller kommunal sektor
  • God kjennskap til relevant arbeidslivsjuss, lov- og avtaleverk
  • Gode digitale ferdigheiter
  • Du har god munnleg og skriftleg framstillingsevne

Du er ein god rettleiar for organisasjonen innan HR-området, og du bidreg til digitalisering og strategisk utvikling av kommunen, samt vidareutvikling av HR- og organisasjonsområdet. Du blir motivert av å gjere andre gode, og arbeider på lag med leiarar og tillitsvalde. Du har høg etisk standard og er medviten om korleis kommunen forvaltar sitt omdøme som arbeidsgjevar. Du gir leiarstøtte i krevjande saker og kombinerer fagleg kvalitet med ei praktisk tilnærming.  

Personlege eigenskapar

  • Du har ein tydeleg leiarstil og god organisasjonsforståing, og er ei trygg leiarstøtte som skaper tillit og får andre til å løfte i lag mot felles mål
  • Du har høg arbeidskapasitet og evne til å prioritere, strukturere og delegere arbeid
  • Du har gode kommunikasjonsevner
  • Du handterer konflikter på ein konstruktiv måte
  • Du balanserer gode relasjonelle og analytiske ferdigheiter

Personleg eignaheit vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

Ei spanande stilling med eit viktig samfunnsoppdrag. Vi har gode pensjons- og forsikringsordningar, og eit triveleg og kompetent arbeidsmiljø. Løn etter avtale. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.

Kan dette vere anledninga du har venta på?

Ta gjerne kontakt med oss for ein uforpliktande, uformell samtale. Dersom du kunne tenkje deg å bli Vestnes kommune sin nye personal- og organisasjonssjef, så send din søknad før søknadsfristen 03.11.25. Det er berre søknader som er sendt gjennom vårt elektroniske søknadssystem som blir tekne i betraktning. Attestar og vitnemål må takast med til intervju, ein må i tillegg oppgje referansar.

Søkjarar må i søknaden grunngje om ein vil vere unntatt offentlegheit. Grunngjeving vil bli vurdert jamfør reglane i offentleglova § 25. Om det etter kommunens vurderingar ikkje føreligg ein særskilt grunn, vil søkaren bli offentleggjort. Søkarar vil i tilfelle bli varsla på førehand om dette og får då høve til å trekke søknaden før offentleggjering.

Del på:

Referansenummer:

25/8826

Fylke:

  • Møre og Romsdal

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Stillingstype:

Heiltid/Deltid

Søknadsfrist:

03.11.2025

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Vestnes rådhus

Kontaktpersonar:

Auhild Mork

Stilling: Kommunedirektør

mob: 48248573

Adresse:

Rådhuset, Brugata 10 6390 Vestnes

Kart: