Barne- og ungdomsarbeidar
Barne- og ungdomsarbeidar
Stillingstype
Det er ledig 40 - 100 % årsvikariat i grunnbemanning og ekstraressurs som barne- og ungdomsarbeidar ved Helland barnehage, barnehageåret 26/27. Oppgi ønskjet stillingsprosent i søknaden.
Det er ønskje om barne- og ungdomsarbeiderutdanning, men andre vert også vurdert.
Arbeidsoppgåver
Arbeid i barnehage som barne- og ungdomsarbeidar inneheld oppgåver som:
- medansvar for avdeling og det pedagogiske innhaldet i samarbeid med det øvrige personalet
- medansvar for planlegging, gjennomføring og tilrettelegging av det pedagogiske innhaldet
- medansvar for utviklingsarbeid
- foreldresamarbeid
- vere ein aktiv del av barnehagen sitt personale
- vise omsorg og vere til stades for enkeltbarn og barnegruppa- praktisk arbeid og tilrettelegging
Kvalifikasjonar
- fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget
- beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er bestått norsk på nivå B1/B2 - ha gode kommunikasjonsevne
Personlege eigenskapar
- er aktiv og engasjert
- har godt humør, vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø i stadig utvikling
- har evne til å vise omsorg, sjå og anerkjenne barn
- er eit godt språkleg førebilde
- er fleksibel
- er stabil og ansvarsbevisst
- har evne til å ta imot rettleiing, rådgjeving og opplæring
- har evne til å samarbeide, arbeide i team, men og sjølvstendig
Vi tilbyr
- godt arbeidsmiljø og gode kollegaer - løn i høve gjeldande avtaleverk
- løn i høve gjeldande avtaleverk
- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- pensjons- og forsikringsordningar i høve tariffavtale
Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervju.
Referansar
Oppgi referansar.
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.
Del på:
Fylke:
- Møre og Romsdal
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Stillingstype:
Vikariat
Søknadsfrist:
09.04.2026
Tiltreding:
03.08.2026
Arbeidsstad:
Helland barnehage
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.vestnes.kommune.noAdresse:
Myra 1 6390 Vestnes