Vestnes kommune PPT

Har du lyst til å jobbe som utøvande spesialpedagog for førskulebarn?

Spesialpedagog inntil 80 % vikariat

Det er ledig inntil 80 % vikariat som utøvande spesialpedagog for barn i førskulealder i Vestnes kommune. Det er ønske om startdato så raskt som mogleg, og stillinga vil vare ut juni 2027. Utlysninga er med atterhald om interne prosessar i kommunen.

Arbeidsområde
Spesialpedagogen skal gje hjelp til barn under opplæringspliktig alder som har rett til spesialpedagogisk hjelp. I tillegg til arbeid med enkeltbarn og grupper med barn omfattar tilbodet rettleiing til føresette, rettleiing av personale i barnehagen og samarbeid med aktuelle partar.

Beskriving 
Stillingane er plassert på PPT-kontoret med avdelingsleiar ved PPT-kontoret som næraste leiar. Det utøvande arbeidet er lagt til dei ulike kommunale og private barnehagane i kommunen. Barn som ikkje går i barnehage kan og ha rett til spesialpedagogisk hjelp.

Kvalifikasjonar
- barnehagelærar med vidareutdanning i spesialpedagogikk
- erfaring frå arbeid i barnehage
- god digital kompetanse, god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- førarkort klasse B, må kunne disponere eigen bil

Personlege eigenskapar
- er aktiv, engasjert og opptatt av faget
- har god evne til å reflektere kring faglege problemstillingar
- har godt humør, evne og vilje til å jobbe i eit hektisk miljø i stadig utvikling
- er løysningsorientert og fleksibel
- har evne til å sjå og anerkjenne barn
- er eit godt språkleg førebilde
- bidreg til god dialog med barn, føresette, tilsette og er ein positiv rollemodell
- har gode samarbeidsevner og vil bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø
- kan jobbe i team, men og sjølvstendig 

Vi tilbyr
- godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- løn etter gjeldande avtaleverk
- pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale 

Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar. 

Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

Referansar
Oppgi referansar

Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.

Søkjarlista kan bli offentleggjort.

Del på:

Fylke:

  • Møre og Romsdal

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Dag

Stillingstype:

Heiltid/Deltid

Søknadsfrist:

06.04.2026

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

PPT-kontoret

Kontaktpersonar:

Kjetil Ytreberg

mob: 92821868

Adresse:

Ressurssenteret, Myra 23 6390 Vestnes

Kart: