Vestnes kommune Tekniske tenester drift og anlegg

VA-ingeniør 100 % fast stilling

Vil du jobbe med vatn og avløp i Vestnes kommune?

Arbeidsstad

Tekniske tenester har ansvar for plan- og byggesaksbehandling, landmåling, landbruk, forvaltning av kommunale vegar, grøntområde og avløpsanlegg, samt brann, feiing og tilsyn.

Hos oss får du arbeide med samfunnskritisk infrastruktur der du vil sikre trygg og berekraftig drift og bidra til reine nærmiljø. Vi planlegg fleire spennande prosjekt som du vil bli ein del av, noko som gir moglegheiter for varierte oppgåver og utfordringar innan fagfeltet.

Arbeidsoppgåver

  • Koordinere drift av kommunen sine avløpsanlegg (leidningsnett, slamavskiljarar, pumpestasjonar og silanlegg).
  • Planlegging/prosjektering og koordinering av sanering og nybygging av kommunale avløpsanlegg.
  • Sakshandsaming av påslepps- og utsleppssøknader, samt dialog med relevante partar.
  • Planleggje tilsyn med private avløpsanlegg/sprett avløp, og oppfølging av pålegg knytte til desse.
  • Gje fråsegner på vegner av fagområdet i plan- og byggjesaker.
  • Kommunen har ikkje eige vassverk, men det ligg til denne stillinga å ivareta kommunen sitt overordna ansvar for vassforsyninga.

Kvalifikasjonar

  • Minimum bachelor frå høgskule/universitet innanfor relevant fagområde.
  • Anna relevant utdanning vil også bli vurdert
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • God kompetanse i brukt av digitale verktøy
  • Sertifikat, klasse B
  • Det er ønskeleg med erfaring frå offentleg forvaltning, relevant arbeid og prosjektering/prosjektkoordinering

Personlege eigenskapar

  • Ansvarsfull og sjølvstendig
  • Kunne ha god dialog med innbyggarar og andre
  • Gode samarbeidsevner
  • Engasjert i det aktuelle fagområdet
  • Vere strukturert og nøyaktig
  • Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på

Vi tilbyr

  • Stilling med eit viktig samfunnsoppdrag
  • Spennande og varierte arbeidsoppgåver
  • Fleksitidsordning
  • Triveleg og godt arbeidsmiljø
  • Lønn etter avtale

Tilsetjingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot.
Prøvetid er 6 månader i faste stillingar. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til samtale eller intervju.

Referansar

Oppgi referansar

Søknad

Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.

Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmål og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende vedlegg. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.

Søkjarlista kan bli offentleggjort.

 

Del på:

Referansenummer:

26/2716

Fylke:

  • Møre og Romsdal

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Stillingstype:

Heiltid/Deltid

Søknadsfrist:

25.05.2026

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Vestnes rådhus

Kontaktpersonar:

Ola Thorstensen

Stilling: Einingsleiar Tekniske tenester

mob: 47714614

Adresse:

Brugata 10 6390 Vestnes

Kart: