Vestnes kommune

Sjukepleiar med fagansvar

Stillingstype
Det er ledig 100 % stilling for sjukepleiar med fagansvar ved Ivartun. Stillinga er i turnus med arbeid 3. kvar helg.

Arbeidsoppgåver
- skal koordinere og samordne den godkjente personalressursen ut i frå tildelt ressurs gjennom arbeidslister/vekeplan og god arbeidsfordeling
- sørge for gjennomføring av interne møter og CosDoc opplæring
- arbeide for fagleg kvalitetssikring og utvikling
- sikre eit hensiktsmessig rapportsystem, sikre god informasjonsflyt og dokumentasjon, viser til rutinar for dokumentasjon
- delta på ulike møter
- ansvar for nødvendig opplæring av nytilsette/vikariar

Arbeidsoppgåvene vil være retta mot både direkte og indirekte pleie- og omsorgsoppgåver, samt forvaltning av personell og økonomi.

Kvalifikasjonar
Vi søkjer personar som er offentleg godkjend sjukepleiar og som er positiv til nytenking, fagleg engasjert, med samarbeidsvilje og som kan arbeide sjølvstendig.
- god datakunnskap er ønskjeleg, med tanke på elektronisk fagsystem og og program i høve vikarinntak, turnus m.m.
- offentleg godkjent sjukepleiar
- du må ha kunnskap om gjeldande lovverk for tenesteytinga
- relevant praksis
- beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
- må ha god kommunikasjonsevne

Personlege eigenskapar
- er stabil og fleksibel
- fagleg engasjert
- ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- det vert vektlagt at ein er personleg eigna

Vi tilbyr
- godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- løn etter gjeldande avtaleverk
- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale
- fagleg utvikling etter kompetanseplan
- tilsette i sjukepleiarstilling ved Ivartun som har mindre enn 10 år ansiennitet får godkjent inntil 10 års ansiennitet, årsløn pr. dato kr 529 900,-.  I tillegg til løn som sjukepleiar er det eit funksjonstillegg som fagansvarleg.

Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar. 

Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
 
Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.
 
Referanser
Oppgi referanser.
 
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.

Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrer din CV  i søknadsskjemaet.  Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.

Søkjarlista kan bli offentliggjort.
 

Del på:

Referansenr:

23/167

Fylke:

  • Møre og Romsdal

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

12.02.2023

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Vestnes

Kontaktpersonar:

Adresse:

Brugata 10 6390 Vestnes