Vestnes kommune

Familie og helse

Kommunepsykolog

Vi ynskjer å ha deg med på laget vårt!


Vestnes kommune ligg sentralt i Møre og Romsdal fylke. Kort reisetid til byane Molde, Åndalsnes og Ålesund. Kommunen har ca 7100 innbyggarar.
Vestnes har eit rikt og variert organisasjons- og kulturliv, og har mykje å by på for den som er interessert i friluftsliv og natur.

Vestnes kommune ved Familie og helse søkjer etter psykolog/psykologspesialist i 100% fast stilling. Familie og helse er fordelt på helsestasjon, legesenter, psykisk helseteam for barn og unge, Myra aktivitetssenter, psykisk helseteam vaksne og tilsynsførartenesta.

 

Arbeidstid

Stillinga er disponert på dagtid og du følgjer kommunen sitt flexitidsreglement

Arbeidsoppgåver
- bidra til å utvikle psykologtenesta og sikre tverrfagleg samarbeid internt og eksternt
- rettleiing og undervisning av kommunale tenester og personell
- bidra i utvikling og implementering av systemarbeidet
- bidra i strategiarbeidet i forhold til lokale planer og folkehelsearbeidet
- delta i kommunens psykososiale kriseteam
- klientarbeidet i form av kartlegging/utredning/behandling og tilvising av saker til spesialisthelsetenesta
- andre oppgåver kan leggast til stillinga med utgangspunkt i kommunens behov og søkars kompetanse
- bidra inn i det førebyggjande arbeidet

Kvalifikasjonar
Vi søkjer fortrinnsvis etter deg med norsk autorisasjon som psykologspesialist, men utdanna psykolog kan og søkje stillinga. Erfaring frå kommunehelsetenesta vil vere ein fordel.

- ønskeleg med erfaring frå klinisk arbeidet med barn, ungdom og familiar
- ønskeleg med erfaring frå tverrfagleg rettleiing
- ønskeleg med erfaring frå systemarbeid i kommunen
- høy grad av sjølvstendigheit og gode vurderingsevner
- gode samarbeids og kommunikasjonsferdigheiter. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
- gode datakunnskapar
- det leggast stor vekt på personleg eignaheit
- du må ha førarkort kl B 

Personlege eigenskapar
- vi legger vekt på gode relasjonelle ferdigheiter
- at du har evne til å arbeide strukturert, sjølvstendig og målretta
- evne til omstilling
- er aktivt med å byggje å bevare eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr
- allsidige utfordringar i eit godt fagmiljø med dyktige medarbeidarar
- høy grad av fagleg sjølvstendigheit, utfordrande, spennande og varierte oppgåver
- engasjerte kollega i ei eining i utvikling
- løn i høve gjeldande avtaleverk
- pensjons- og forsikringsordningar i høve tariffavtale
- løn etter avtale
- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid


Tilsettingsvilkår

Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot.

Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar. 

Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.

Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

 

Referanser

Oppgi referansar

Søknad

Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli vurdert.

Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrer din CV  i søknadsskjemaet.  Det er ikkje

mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.

Søkjarlista kan bli offentliggjort.

 

Del på:

Referansenummer:

23/3174

Fylke:

  • Møre og Romsdal

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Stillingstype:

Heiltid/Deltid

Søknadsfrist:

17.03.2024

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Vestnes kommune

Adresse:

Rådhuset, Brugata 10 6390 Vestnes

Kart: