Helse- og omsorg

Ferievikariat - aktivisering og meistring

Ferievikariat - aktivisering og meistring

Aktivisering og meistring søkjer etter ferievikarar for perioden 17.06.24 – 25.08.24. Ferievikariatet har arbeidstid på dag/kveld og natt både aktiv og aktiv/passiv.

Krav til kompetanse
- sjukepleiar/vernepleiar og andre med 3-årig utdanning på høgskulenivå innan helse-, sosial, eller pedagogiske fag
- helsefagarbeidar, hjelpepleiar, omsorgsarbeidar
Ufaglærte og studentar er også velkommen til å søkje.

For arbeid innan aktivisering og meistring er normalaldersgrensa 18 år, men vi oppmoder dei som fyller 17 år før ferieperioden tek til om å søkje.
 
Du må beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B1/B2. Må ha gode kommunikasjonsevne.
 
Aktuelle tenestestadar for aktivisering og meistring er:
Myrateigen
Skogly
Solstua
Vestneshaugen
Bakketun
Kariplassen A, B og C
Furulia
Skogheim
Skogvegen/Myratoppen
Tiltak Stella Maris
 
Arbeidsoppgåver
- ivaretaking av tenestemottakarens behov for omsorg og innhald i kvardagen
- utføre arbeid og rutiner og gjennomføre prosedyrer i tråd med aktuelt lovverk
- ivareta krav i høve dokumentasjon
 
Vi tilbyr
- godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- løn etter gjeldande avtaleverk
- vi har rekrutteringsløn til legestudentar og høgskulestudentar innan helse- og sosialfag, fysioterapeut og pedagogiske fag når dei går inn i stillingar/vikariat med arbeidsområde innan helse- og omsorg.
- gode pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale.
- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid

Som søkjar må du setje opp ønskja arbeidsplass etter prioritet. Du må presisere kva ferieperiode du ønskjer å arbeide . Det er ein fordel at søkjarane kan arbeide heile ferieperioden og heiltid. Ferievikariata har arbeid kvar 2. el. 3. helg.
Om du har søkt eller skal søkje ferievikariat i andre einingar i kommunen er det ønskeleg at dette opplysast i prioritert rekkefølge.
 
Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2% av lønna i pensjonsinnskot. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
 
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.
 
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjer kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har bedt om å ikkje bli ført opp på søkjarliste.

 
Vi ønskjer deg velkommen til å søkje

Del på:

Referansenummer:

24/2710

Fylke:

  • Møre og Romsdal

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Stillingstype:

Vikariat

Søknadsfrist:

07.04.2024

Tiltreding:

17.06.2024

Arbeidsstad:

Vestnes kommune

Adresse:

Myra 23 6390 Vestnes

Kart: