Vestnes kommune

Helgavakt og Tilkallingsvikarar

Stillingstype
Vi har behov for tilkallingsvikarar og personar som kan tenke seg å arbeide på helg i Heimetenestene. Helgavaktstillingane har varierande stillingstorleik frå 14 til 26 % med arbeid 2. kvar eller 3 kvar helg. Stillingane har arbeid på dag/kveld og natt. 
Stillinga på natt har stillingsstorleik omlag 26% og arbeid 3. kvar helg. 

Ber om at det vert opplyst i søknaden kva stilling du søkjer. 

Arbeidsoppgåver
- ivaretaking av tenestemottakarens behov for omsorg og innhald i kvardagen
- utføre arbeid og rutiner og gjennomføre prosedyrer i tråd med aktuelt lovverk, dagsplaner, miljøreglar og oppfølging av desse
- ivareta krav i høve dokumentasjon
- legemiddelhåndtering

Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter deg som er autorisert sjukepleiar/sjukepleiarstudent, helsefagarbeidar, hjelpepleiar eller omsorgsarbeidar.  Dersom vi ikkje får nok søkjarar med fagkompetanse kan ufaglærte verte tilsett.
- du må kunne tilegne deg kunnskap om gjeldande lovverk for tenesteytinga
- det er ønskeleg med kunnskap/erfaring frå arbeid med personar med eldre/geriatri og psykisk helse
- beherske målretta miljøarbeid og kunne legge til rette for ein aktiv kvardag i og utanfor heimen
- datakunnskap
- relevant praksis
- beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er bestått norsk på nivå B1/B2
- ha gode kommunikasjonsevne
- du må ha førarkort kl B

Personlege eigenskapar
- du må være fagleg engasjert
- ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- det vert vektlagt at ein er personleg eigna
- ha godt humør, vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø

Vi tilbyr 
- godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- løn etter gjeldande avtaleverk
- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale

 

Tilsettingsvilkår

Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar. Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader. Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

Referanser
Oppgi referanser.

Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.

Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrer din CV  i søknadsskjemaet.  Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.

Søkjarlista kan bli offentliggjort.
 


Del på:

Referansenr:

23/142

Fylke:

  • Møre og Romsdal

Jobbtype:

Engasjement

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

20.02.2023

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Vestnes

Adresse:

Brugata 6 6390 Vestnes