Vestnes kommune

NAV Vestnes

Jobbspesialist

Jobbspesialist – 100% fast stilling – Vestnes kommune for tida NAV Vestnes

Nav Vestnes har ledig ei 100 % fast stilling som jobbspesialist. Stillinga er ein del av den kommunale bemanninga. Stillinga vil i hovudsak bli knytta opp mot arbeidsretta oppfølging for flyktningar.

NAV Vestnes er ein spennande arbeidsplass med motiverte rettleiarar som i stor grad arbeider heilskapleg på tvers av kommunale og statlege oppgåver. Vi har 11 tilsette som er fordelt i to team samt ein jobbspesialist. Vi samhandlar med eit mangfald av arbeidsgivarar, samarbeidspartnarar og brukarar som treng ulike tenester, rettleiing og oppfølging. Gjennom vår innsats skal fleire av kommunens innbyggjarar få moglegheit til å være i arbeid, delta i samfunnet og være sikra inntekt.

Som jobbspesialist jobbar du etter metoden Supported Employment, som er ein kunnskapsbasert metode for å støtte arbeidssøkarar i å få og behalde ordinært arbeid. Du blir godt kjent med jobbsøkaren og kartlegg jobbønsker, interesser, ferdigheiter og ressursar. Målet er å motivere og inspirere arbeidssøkar til å komme seg i, og behalde lønna arbeid. Det inneberer nært samarbeid med arbeidsgivarar, utdanningsinstitusjonar og andre samarbeidspartnarar.

Vi søker etter deg som er opptatt av å rettleie og motivere menneske som er i ei omstillingsfase på grunn av arbeidsløyse, helse- og/eller sosiale utfordringar. Vi ønskjer oss medarbeidarar som er opptatt av løysingar og har gode kommunikasjonsferdigheiter og evne til å handtere menneske i ulike livssituasjonar. Det blir lagt vekt på bistand til sjølvhjelp, tidleg innsats og andre aktivitetar som kan føre til utdanning og jobb. Vi har behov for ein medarbeidar som er engasjert, motiverande, ansvarsfull, fleksibel og endringsvillig.

Vestnes kommune har ca. 6 600 innbyggjarar og ligg på sørsida av Romsdalsfjorden, midt i mellom byane Ålesund og Molde. Vestnes kommune er «midt i blinken» for alle som er glade i natur- og friluftsliv.

Arbeidsoppgåver:

• Tett oppfølging og kartlegging av brukarar
• Identifisere jobbsøkaren sine interesser, sterke sider, ferdigheiter og evner, samt koble opp mot riktig arbeidsgjevar eller utdanning
• Tilbringe mykje tid ute i lokalmiljøet. Oppsøke bedrifter, skape god dialog med arbeidsgivere og bygge nettverk
• Bistå jobbsøkararen i søkeprosessen og gi jobbstøtte ute på arbeidsplassen
• Motivasjonssamtalar, rettleiing digitalt og i samtalar på NAV-kontoret
• Samhandling og relasjonsbygging med arbeidsgjevar, flyktningetenesta, fastlegar og andre aktuelle samarbeidspartar
• Samarbeid på tvers i kontoret og i eige team, der ein deler kunnskap og erfaring, samt samhandling om oppgåveløysing.
• Bruke NAV sine dataverktøy og fagsystem både til møtearena, dokumentasjon av oppfølging, behovsvurderingar, sakshandsaming og arkiv

NAV er i endring og omstilling, så ein må rekne med endring av arbeidsoppgåver

Kvalifikasjonar:

• Minimum bachelor eller tilsvarande, gjerne innan psykologi, samfunnsfag, helse- og sosialfag, juridiske fag eller statsvitskap. Lang og relevant erfaring kan i særlege tilfelle kompensere for utdanningskravet.
• God munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne
• Beherske norsk munnleg og skriftleg
• God digital kompetanse, og gode evner til å sette deg inn i nye system og arbeidsmetodar
• Rettleiingskompetanse

Det er i tillegg ønskelig at du har: 

• God kjennskap til arbeidsmarknaden
• Erfaring frå arbeid med flyktningar
• Arbeidserfaring med rekruttering, oppsøkande salg, nettverksbygging eller relasjonsarbeid mot bedrifter. Kan vise til gode resultater
• Erfaring frå oppfølgings- og endringsarbeid
• Erfaring med karriererettleiing og samtalemetodikk
• Inkluderingskompetanse
• Erfaring frå sakshandsaming og lovanvending
• Erfaring fra NAV er en fordel
• Innsikt og forståing av NAV si rolle i samfunnet
• Førarkort Klasse B

Personlege eigenskapar:

• Fleksibel og tilpassingsdyktig med evne til omstilling
• Evne til å skape gode relasjonar
• Være sjølvstendig, effektiv og arbeide systematisk og heilheitleg
• Løysingsorientert og beslutningsdyktig
• Tydeleg og god på å kommunisere
• Motiverande og inkluderande
• Har høge ambisjoner, liker å jobbe resultatorientert og samtidig være opptatt av god kvalitet
• Du evner å prioritere, ha god oversikt over oppgaver og samtidig tåle og handtere uforutsigbarhet og forandringer
• Personleg eignaheit og motivasjon i stillinga vil bli tillagt vekt

Vi tilbyr:

• Spennande og meningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde
• Et aktivt og engasjert arbeidsmiljø
• En dynamisk arbeidsplass med vekt på utvikling, kunnskapsdeling og humor
• Fleksitidsordning
• Opplæring, kurs og kompetanseheving

Tilsettingsvilkår

Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2% av lønna i pensjonsinnskot. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.

Ved tilsetting som krev politiattest, skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader. Aktuelle søkjarar kan bli innkalla til samtale eller intervju.

Referanser

Oppgi referansar.

Søknad

Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning. 

Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju. 

Søkjarlista kan bli offentleggjort.

Dersom du ønskjer meir informasjon om stillinga kan du kontakte Tale Skjegstad, telefon Tlf: 98 43 60 96

 

Del på:

Referansenr:

23/157

Fylke:

  • Møre og Romsdal

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

12.02.2023

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Brugata 10, 6390 Vestnes

Kontaktpersonar:

Tale Skjegstad

mob: 98436096

Adresse:

Brugata 10 6390 Vestnes