Vestnes kommune Kvalifisering og integrering

Miljøterapeut/Miljøarbeidar – inntil 400 % fast stilling, Eining for kvalifisering og integrering

Miljøterapeut/Miljøarbeidar

Stillingstype

På grunn av stor auke i busetting av flyktningar i Vestnes kommune er det er ledig inntil 400 % stilling som miljøarbeidar i Eining for kvalifisering og integrering, Flyktningtenesta. Vi tek atterhald om endringar elles i organisasjonen.

Arbeidsoppgåver

- Oppfølging av nyankomne busette flyktningar
- Rettleiing innanfor bustad og økonomi
- Bidra til deltaking i fritidsaktivitetar
- Oppfølging av familiar

Noko arbeid utover normal arbeidstid må påreknast.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer deg som har høgare utdanning innan helse- og sosialfag, men oppfordrar andre med relevant utdanning på lågare nivå om å søkje. Anna relevant erfaring kan kompensere for utdanning

- Det er ønskjeleg med erfaring frå målretta miljøarbeid i Norge
- Erfaring frå arbeid med innvandrarar
- Gode datakunnskapar
- Relevant praksis
- Beherske norsk munnleg og skriftleg.
- Ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevne
- Erfaring eller vidareutdanning i psykisk helsearbeid er ønskeleg
- Kompetanse innan foreldrerettleiing
- Førarkort klasse B
- Beherske engelsk og gjerne andre språk
- Det vert stilt krav om politiattest

Det er en fordel å ha god kjennskap til samfunnsliv, utdanningssystem, arbeidsliv, fleirkulturell forståing.

Personlege eigenskapar

- Du må være fagleg engasjert
- Fleksibel
- Ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- Har godt humør, vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø
- Det vert vektlagt at ein er personleg eigna

Du må ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og evne til å finne gode løysningar. Du må være tolerant og open for at andre har ein annleis forståing og måte å handtere kvardagen på. Det kan omfatte tema som religion, barneoppseding eller mattradisjonar. Dette krev ofte god kjennskap til eigne verdiar og normer.

Vi tilbyr

- Godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- Løn i høve gjeldande avtaleverk
- Tilsette med relevant fagkompetanse og som har mindre enn 4 års ansiennitet får godkjent 4 års
ansiennitet, begynnarløna vert med 4 års ansiennitet
- Kommunen er IA- bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- Pensjons- og forsikringsordningar i høve tariffavtale

Tilsetjingsvilkår

Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i
pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar. Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

Referansar
Oppgi referansar


Søknad

Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt
elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning. Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.

Søkjarlista kan bli offentleggjort.

Del på:

Referansenr:

23/171

Fylke:

  • Møre og Romsdal

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

13.02.2023

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Eining for kvalifisering og integrering, Flyktningtenesta.

Adresse:

Myra 21 6390 Vestnes